Ledige stillinger

Preg Blomvåg barnehage treng fleire tilkallingsvikarar! Vi har stadig behov for gode folk som kan stille opp når vi treng ekstra hender og hjarte i kvardagen. Difor søker vi no tilkallingsvikarar både som assistentar og som pedagogar.

Vi ser etter deg som:

  • liker å vere saman med barn og skape gode kvardagar

  • møter andre med varme, ro og omsorg

  • er fleksibel og kan stille opp på kort varsel

  • bidreg positivt inn i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø

  • gjerne har erfaring frå barnehage – men det er ikkje eit krav for assistent

  • har relevant utdanning dersom du ønskjer å vere tilkallingsvikar som pedagog

Hos oss får du:

  • eit unikt og flott uteområde barna elskar

  • varme og profesjonelle kollegaer

  • trygge rammer og god opplæring

  • moglegheit til å setje verdifulle spor i barna sine liv

  • arbeid etter behov – alt frå nokre timar til heile dagar

Har du lyst å vere ein del av gjengen vår?
Send ei kort melding eller CV til: orong@pregbarnehager.no